Er det lov å bruke tvang i skolen?

Fylkesmannen får ofte spørsmål om kva reglar som gjeld for bruk av tvang i skolen. Mange er usikre på dette, mellom anna fordi det finst eigne reglar for bruk av tvang i helselovgivinga. Men opplæringslova gir ikkje heimel for bruk av fysisk tvang og makt overfor elevar. 

Nødrett og nødverje

Dei som arbeider i skolen, har ei særleg plikt til å ha omsorg for elevane, og det hender at det blir nødvendig å gripe inn med makt for å hindre at elevar skadar kvarandre eller seg sjølve. Då er det reglane om nødrett og nødverje i straffelova som gjeld. Nødrett er definert som ein rett til å gjere ei elles ulovleg handling for å redde menneske eller verdiar frå ein fare for skade som elles ikkje kunne bli hindra på rimeleg måte. Det skal mykje til for at nødrettsregelen kan brukast.

 

Kontaktpersonar