Tolkingsfråsegn om institusjonsopphald som ettervernstiltak i barnevernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2020

Institusjonsopphald med heimel i barnevernlova § 4-26 som ettervernstiltak

Bufdir uttalar at opptrapping av barneverntiltak etter at ungdommen har fylt 18 år ikkje er i tråd med ettervernets føremål. Eit nytt institusjonsopphald med føremål om å behandla alvorlege atferdsvanskar er eit opptrappingstiltak. Det er difor ikkje adgang til å etablera institusjonsopphald med heimel i barnevernlova § 1-3 (2) jf. § 4-26 som eit nytt ettervernstiltak. Ved eventuell vidareføring av eit slikt institusjonsopphald etter 18 år, må ein vurdera om vilkåra for ettervern er oppfylt, og om det vil vera mogleg å vidareføra tiltaket i og med at dei rettslege rammene for opphaldet endrar seg når ungdommen vert myndig.

Bruk av rettighetsforskrifta ved ettervern i institusjon

For opphald på institusjon med heimel i barnevernlova § 4-24, der plasseringa er iverksett før fylte 18 år, gjeld rettighetsforskrifta fullt ut. For opphald på institusjon som ungdom sjølv samtykker til, er det annleis. Når ungdom samtykker til institusjonsopphald som ettervernstiltak, må dei respektera og innretta seg etter dei husordensreglane og rutinane som gjeld ved institusjonen. Ungdommane kan og samtykka til bruk av tvang i den utstrekning rettighetsforskrifta gjer anledning til det, men samtykket kan trekkast tilbake når som helst og med umiddelbar virkning. Det tyder at institusjonen ikkje kan bruka tvang dersom ungdommen i den konkrete situasjonen motsett seg det ved ord eller handling.

Bufetat skal bistå barneverntenesta

Dersom Bufetat, på bakgrunn av kjennskap til ungdommen, vurderer at det ikkje er forsvarleg å etablera ettervernstiltak i institusjon slik kommunen ber om, bør Bufetat ta dette opp med kommunen. Det er barneverntenesta som har mynde til å beslutta institusjonsopphald som ettervernstiltak, og Bufetat skal bistå barneverntenesta med plassering av barn utanfor heimen. Dersom Bufetat og kommunen ikkje blir einige, kan Bufetat be Fylkesmannen vurdera om bistandsplikta gjeld i den konkrete saka.

Kva skjer med Bufetat si bistandsplikt når grunnlaget for opphald i institusjon som ettervernstiltak fell bort?

Institusjonen har eit sjølvstendig ansvar for å vurdera om tiltaka deira er forsvarlege. Dersom institusjonen vurderer at grunnlaget for opphaldet ikkje lengre er til stade, skal institusjonen eller Bufetat ta dette opp med kommunen. Dersom institusjonen og barneverntenesta ikkje blir einige, kan spørsmålet om utskriving av ein ungdom rettast til fylkesmannen i det fylket institusjonen ligg, jf. barnevernlova § 5-4. Dersom kommunen meiner at Bufetat må stilla ein ny institusjonsplass til disposisjon, og Bufetat ikkje er einig i at det er grunnlag for institusjonsopphald som ettervernstiltak, kan Bufetat be fylkesmannen vurdera bistandsplikta i den konkrete saka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.