Fosterbarn sitt høve til å busetta seg midlertidig i andre land

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har kome med ei tolkingsutsegn som gjeld om barn som bur i fosterheim har høve til å busetta seg i andre land for ein periode, til dømes for å gå på skule.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.06.2019

Det er tidlegare avklart at barn under offentleg omsorg ikkje kan plasserast i fosterheim i eit anna land. Dersom barnet er plassert som eit frivillig hjelpetiltak, kan fosterheim i eit anna land aksepterast på visse vilkår. Unntaksvis kan ein og tillate at fosterforeldre busett seg i utlandet med fosterbarnet for ein avgrensa tidsperiode. Foreldre med foreldreansvar må samtykka dersom barnet skal ta opphald i utlandet som strekker seg ut over kortare utlandsreisar.

Spørsmålet om fosterbarn som vil flytta midlertidig til eit anna land på eiga hand, utan fosterforeldra, er først og fremst aktuelt i samband med utvekslingsopphald. Direktoratet understrekar betydninga av at barn som er under offentleg omsorg har dei same rettane og tilboda som andre barn. I utgangspunktet bør dette gjelde og ved utvekslingsopphald i samband med skulegang. Ei slik avgjerd må baserast på ei grundig, heilskapleg vurdering, kor ein vurderer barnets mognad, problembelastning, opplegget rundt utvekslinga, jurisdiksjonsbestemmelser i den andre staten, og lengda på opphaldet. Det er ein føresetnad at foreldre med foreldreansvar samtykker. Eit utlandsopphald må vere forsvarleg og til barnets beste, og barneverntenesta må dokumentera sine vurderingar. Barneverntenesta må ivareta oppfølgingsansvaret sitt ved midlertidig flytting til eit anna land.

Vidare uttalar direktoratet seg om jurisdiksjonbestemmelsane, både for statar som er tilslutta Haag-konvensjonen, og for statar som ikkje er tilslutta. Ved spørsmål om flytting til ein stat som ikkje er tilslutta, vil statens jurisdiksjonsbestemmelsar og lengda på opphaldet vere ein sentral del av vurderinga av om utlandsopphaldet skal tillatast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.