Barneombodet sin rapport om barn som bur i barnevernsinstitusjon

Barneombodet har gitt ut ein rapport om barn som bur  barnevernsinstitusjon. Rapporten har fått namnet «De tror vi er shitkids», og har som føremål å seie noko om kva omsorg og behandling barn på barnevernsinstitusjonar får.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.01.2020

Gjennom samtalar med ungdom, innsyn i dokumenter og besøk på institusjonar har Barneombodet hatt som mål å seie noko om kva bakgrunn ungdommane på institusjon har, kva kunnskap og vurderingar som ligg til grunn for at ungdommane vert plassert på institusjon, og om ungdommane får god omsorg og behandling. Barneombodet ønskte å vite meir om kva barna og ungdommane sjølv tenkjer om sin eigen situasjon, og kva råd dei har til tenestene som skal hjelpa dei. I rapporten vert difor barn og unges stemmer løfta fram. Rapporten kjem og med forslag til korleis styresmaktene kan sikra at barnevernet og institusjonane vert best mogleg for barn.

Nokre av Barneombodets hovedfunn er at:

  • mangel på tidleg innsats skaper problemer
  • barnets beste ikkje styrer valget av institusjon
  • ungdommane har viktig informasjon om god omsorg
  • endringsarbeid krever fag og forståing
  • vi må tenkje nytt om dei mest alvorlege sakene
  • barneverntenesta må ha betre oppfølging av ungdommane som bur på institusjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.