Plan- og bygningsrett

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Fylkesmannen er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Fylkesmannen medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Men Fylkesmannen skal òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Fylkesmannen skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Fylkesmannen prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere på meir enn 3 månader.