Krisehandtering og samordning

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Fylkesmannen kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Fylkesmannen samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Fylkesmannen og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar som har fagkunnskap om samfunnstryggleik og beredskap. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere Fylkesmannens sentrale samarbeids- og støtteorgan.

Ved krig har Fylkesmannen mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir