Samfunnstryggleik og beredskap
Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen.
Fylkesmannen er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Fylkesmannen kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. Rådet er samansett av sentrale offentlege beredskapsaktørar og frivillige og private organisasjonar.