Klima

Global oppvarming krev klimatilpassingar. For Noregs del betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperaturar, meir nedbør og meir ekstremver. Klimautfordringane kan få store konsekvensar for miljø og samfunn. 

Fylkesmannen skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar og for å avgrense framtidige skadar. Ein viktig del av planleggingsarbeidet er gode transportløysingar, robuste vegar og jernbaner, sikker energiforsyning og bustader og andre bygningar som ikkje ligg utsett til for jordras eller andre naturkatastrofar. Fylkesmannen skal òg medverke til at samfunnet er førebudd på å takle flaum, ras, straumbrot og andre alvorlege hendingar.

Lokal planlegging for klimaendringar

Fylkesmannen fungerer som bindeledd mellom den nasjonale klimapolitikken og gjennomføringa ute i lokalsamfunna. Det er kommunane som har hovudansvaret for å byggje gode samfunn for innbyggjarane sine, og klimaperspektivet er ein viktig del av denne planlegginga.

  • Fylkesmannen skal sikre at kommunane tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane når dei gjer vedtak. Fylkesmannen er sektorstyresmakt for blant anna miljø og landbruk og har mynde til å føre tilsyn med kommunane, overprøve enkeltvedtak som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til klimaendringar, og fremme motsegner etter plan- og bygningslova.
  • Fylkesmannen fører tilsyn med beredskapsarbeidet i kommunane.
  • Fylkesmannen rettleier kommunane i klimaarbeidet. Fylkesmannen skal klargjere kva krav og forventningar staten har til kommunane, og samtidig formidle synspunkt frå kommunane til sentrale styresmakter.

Vis meir


20.04.2016

Tilskudd til klimatiltak

Klimasats er en ordning for støtte til klimaarbeid i norske kommuner. Opptil 100 millioner kroner skal deles ut i 2016. Første søknadsfrist er 23. juni.