Tilskot innan jordbruk og skogbruk

Fylkesmannen har oppgåver knytte til forvaltning av ei rekkje tilskotsordningar innan jord- og skogbruk. Innan jordbruk er dei viktigaste ordningane produksjonstilskot, avløysartilskot og regionale miljøtilskot. Innan skogbruk er tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket blant dei største tilskotsordningane.

Det er kommunane som er førsteinstans for dei fleste tilskotsordningane. Kommunane informerer brukarane, behandlar søknader og gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruka. Fylkesmannen er koordinator og rådgivar overfor kommunane.

Fylkesmannen rettleier kommunane om tilskotsordningane og er klageinstans for kommunens vedtak. Fylkesmannen gir eventuelle dispensasjonar, og då er det Landbruksdirektoratet som er klageinstans. Fylkesmannen skal dessutan gjennomføre forvaltningskontrollar hos kommunane og føretakskontrollar på enkeltbruk. Det blir utarbeidd ein plan for denne kontrollverksemda kvart år.

Fylkesmannen forvaltar tilskot til næringsutvikling innan landbrukssektoren mellom anna med midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak (UT-midlar).

Vis meir