Reindrift

Norsk reindrift har sitt opphav hjå den samiske befolkninga, og skjer hovudsakleg i Nord-Noreg, Trøndelag, Møre og Romsdal og Hedmark.Reindriftsforvaltningens arbeidsoppgåver omfattar ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling.

Nær 140 av landets kommunar har reindrift, på eit areal som utgjer om lag 40 prosent av landarealet i Noreg. Vi har 240 000 tamrein i vårflokk, 180 000 av desse er i Finnmark. Reindrifta sør for Finnmark har små variasjonar frå år til år, medan reintalet i Finnmark kan variere. Kalvetilgang, tap og slakteuttak er årsaker til variasjonane. I underkant av 3000 personar er tilknytt den samiske reindrifta.

Organisering av reindrifta

Reindrift skjer primært i det samiske reinbeiteområdet, som strekkjer seg frå Finnmark i nord til Hedmark i sør. Området er delt inn i seks samiske regionale reinbeiteområde og vidare i 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt, og dessutan ti distrikt som blir brukte til haust- og vinterbeite for norsk reindrift og/eller som beite for svensk reindrift.

Grupper av reineigarar samlar reinen i felles flokkar på bestemte areal og samarbeider om drifta. Desse driftsgruppene blir kalla «siida» på nordsamisk og «sitje» på sørsamisk. Dei siste åra har det vore i underkant av 100 sommarsiidaar og om lag 150 vintersiidaar. Kvar siida er delt inn i siidaandelar, som har ein ansvarleg leiar.

Rein innanfor det samiske reinbeiteområdet skal merkast med eigarens merke. Berre personar av samisk ætt har i utgangspunktet rett til reinmerke.

Ikke-samisk reindrift utøves i Hedmark og Nord-Gudbrandsdalen og Valdres i Oppland. Denne reindrifta krev løyve i tråd med reindriftslova.

Rendal Renselskap har ei eiga driftsform basert på avskyting av privateigde dyr i Rendalen, Engerdal og Trysil. Svensk reindrift har bruksrett i bestemte område i Noreg, frå Troms til den nordlegaste delen av Hedmark.

Reindriftsforvaltning hjå Fylkesmannen

Fylkesmannen skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Vi skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gje råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gje dispensasjon frå beitebruksreglane når det er sterke grunnar til det, om nødvendig fastsette beitetider for årstidsbeitene og gje fråsegner og kome med motsegn i saker etter plan- og bygningslova.

Reindriftsavtalen

Reindriftsavtalen er årlege forhandlingar mellom Norske Reindriftssamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet om økonomiske verkemiddel for reindriftsnæringa.

Fylkesmannen har ansvar for tilskotsbehandling regionalt over reindriftsavtalen. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til siidaandelane.

Rovvilt

Fylkesmannen har også ansvar for midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for rein drepen av freda rovvilt. Les meir om dette under temaet Miljø og klima hjå Fylkesmannen i ditt fylke.

Vis meir