Økologisk landbruk

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmennene har ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan løyvast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan.

Fylkesmannen skal medverke til auka økologisk matproduksjon, og seks føregangsfylke har fått eit særskilt ansvar for å medverke til økologisk produksjon og omsetning av norske økologiske produkt.

Dei seks føregangsfylka har følgjande satsingsområde:

  • Økologisk korn - Oppland
  • Levande matjord - Buskerud
  • Økologisk mjølk - Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag
  • Økologiske grønnsaker og poteter - Vestfold
  • Økologisk frukt og bær - Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Økologisk mat i storhushaldningar – Oslo og Akershus og Østfold

Vis meir


16.01.2018

Støtte til økologiske prosjekter

Vi lyser ut midler til prosjekter som bidrar til å oppfylle målene i Handlingsplan for økologisk produksjon og forbruk. – Søknadsfrist 15.februar



Kontaktpersonar