Tvang

Bruk av tvang overfor personar er regulert i fleire lover, blant anna pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova, helse- og omsorgstenestelova og psykisk helsevernlova.

Lovreglane skal sikre forsvarlege tenester til pasientar og brukarar, og trekkjer grensa mellom lovleg og ulovleg tvang. Det er krav om at andre løysingar skal vere prøvde før helse- og omsorgstenesta vurderer bruk av tvang. Når det er nødvendig å bruke tvang, skal helse- og omsorgstenesta ta avgjerd om tvangsbruk i tråd med lova. Internkontrollen skal sikre at tenestene på området er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Øyeblikkeleg hjelp etter helsepersonellova § 7

Dersom det er vurdert som påtrengande nødvendig skal helsepersonell straks gi helsehjelp sjølv om pasienten ikkje er i stand til å samtykkje, og sjølv om pasienten set seg imot helsehjelpa.

Helsehjelp gitt med tvang etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A

Formålet med dette regelverket er å kunne yte nødvendig somatisk helsehjelp til pasientar som ikkje har samtykkekompetanse og som set seg imot helsehjelpa.

Målet er å yte nødvendig helsehjelp, hindre vesentleg helseskade og å førebyggje og avgrense bruk av tvang. Pasient eller næraste pårørande kan klage til Fylkesmannen på eit vedtak om tvang. Dersom eit vedtak varer lenger enn tre månader skal Fylkesmannen i alle tilfelle vurdere om det framleis er behov for helsehjelpa. Vedtak om innlegging og tilbakehald i institusjon eller helsehjelp som varer lenger enn tre månader, kan bringast inn for retten. Også Fylkesmannens vedtak kan bringast inn for retten dersom helsehjelpa gjeld innlegging og tilbakehald, eller helsehjelpa varer lenger enn tre månader.

Bruk av tvang og makt etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9

Formålet med reglane er å hindre at personar med psykisk utviklingshemming utset seg sjølv eller andre for vesentleg skade og å førebyggje og avgrense bruk av tvang og makt. Lova gjeld tvang og makt brukt i samband med at det vert ytt kommunale helse- og omsorgstenester til personar med psykisk utviklingshemming.

Tvang og makt er definert som tiltak som tenestemottakaren motset seg, eller tiltak som er så inngripande at dei uansett motstand må reknast som bruk av tvang eller makt. Kommunen pliktar å leggje til rette for minst mogleg bruk av tvang og makt, og før kommunen tek avgjerd om at det skal brukast tvang eller makt, skal andre alternativ ha vore prøvde ut.

Vedtak om planlagt tvangsbruk skal overprøvast av Fylkesmannen før tvangstiltaka kan takast i bruk. Kommunen pliktar å dokumentere og å melde frå til Fylkesmannen om tilfelle der det brukt tvang som ikkje har vore planlagt, altså skadeavverjande tvangstiltak i nødssituasjonar. Fylkesmannen fører også tilsyn med den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Vedtak og meldingar om tvang skal også sendast til brukar eller pasient, verje, pårørande og spesialisthelsetenesta. Brukar eller pasient, verje og pårørande kan klage på kommunen sine avgjerder om tvang i nødssituasjonar. Klagen skal sendast til Fylkesmannen. Vedtak frå Fylkesmannen kan klagast inn til fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. I dei tilfella fylkesnemnda stadfestar vedtaket det er klaga på, kan brukar eller pasient, verje og pårørande velje å ta saka inn for tingretten.  

Tvang i medhald av psykisk helsevernlova

Regelverket for bruk av tvang innan psykisk helsevern blir regulert av reglane i psykisk helsevernlova og tilhøyrande forskrift. Det er oppretta særskilde kontrollkommisjonar i kvart fylke som skal sjå til at praksis er i tråd med lova. Lova regulerer dei formene for tvang som er særeigne for psykisk helsevern: i hovudsak vedtak om oppretting av tvungent psykisk helsevern og vedtak om ulike former for tvangsbehandling – særleg vedtak om tvangsbehandling med medikament.

Det er strenge krav til bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova. Tvang kan berre brukast der frivillig psykisk helsevern har vore forsøkt utan at dette har ført fram, eller der det er openbert formålslaust å forsøke dette. Det er ein føresetnad at pasienten har ei alvorleg sinnsliding og pasienten må i tillegg oppfylle anten behandlingskriteriet eller farekriteriet. Det er dessutan eit vilkår at pasienten manglar samtykkekompetanse. Sistnemnde vilkår gjeld så sant det ikkje er nærliggande og alvorleg fare for pasientens liv eller andre personars liv eller helse. 

Klage på vedtak som gjeld bruk av tvang i medhald av psykisk helsevernlova skal rettast til kontrollkommisjonen. Alle institusjonar innan psykisk helsevern som kan nytte tvang, skal ha ein kontrollkommisjon knytt til seg. Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak som gjeld tvangsbehandling med medikament, sender du klagen til Fylkesmannen.


Bruk av tvang overfor rusmiddelavhengige

Rusmiddelavhengige personar som utset si eiga fysiske eller psykiske helse for fare ved omfattande og vedvarande rusmisbruk, kan leggast inn eller haldast tilbake i institusjon mot sin vilje. Andre hjelpetiltak må vere vurderte. Lov om helse- og omsorgstenester, kapittel 10, har reglar om vilkår og saksbehandling.

Gravide rusmiddelavhengige kan utan eige samtykke takast inn på institusjon og haldast tilbake der i heile svangerskapet dersom rusmisbruket er slik at barnet står i fare for å bli fødd med skade, og dersom det ikkje er nok med andre hjelpetiltak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om tilbakehald i institusjon.

Vis meir