Skjenkeløyve

Dersom du ønskjer å selje eller skjenke alkohol, må du først søkje om sals- eller skjenkeløyve. Det er kommunen der alkoholen skal seljast eller skjenkast, som kan gi slike løyve. Fylkesmannen kan gi skjenkeløyve til skip som fungerer som kollektivt transportmiddel, og til cruiseskip.

Klagerett

Dersom du søkjer om sals- eller skjenkeløyve og får avslag frå kommunen, kan du klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan berre avgjere om innhaldet i vedtaket er lovleg, om det er gjort av rett forvaltingsorgan, og om det har blitt til på lovleg måte. Du sender klaga gjennom den kommunen som har gjort vedtaket om avslag.

Vis meir


Kontaktpersonar

Lenkjer