Barnelova

Barnelova gjeld for barn og unge under 18 år og regulerer foreldra sine plikter overfor barna – og barna sine rettar overfor foreldra. Barnelova har blant anna føresegner om fastsetjing av farskap, foreldreansvar og dagleg omsorg, gjensidig samværsrett for barn og foreldre og plikt for foreldra til å forsørgje barna sine.

Fleire av føresegnene regulerer rettar og plikter når foreldra ikkje bur saman, for eksempel dersom dei er separerte eller skilde. Ved samlivsbrot kan foreldra sjølve gjere avtalar om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader ved samvær. Dersom foreldra ikkje blir samde, kan kvar av dei reise sak for domstolen for å få avgjort spørsmålet. Før det kan reisast sak for domstolen, må foreldra møte til mekling. Familievernkontora kan svare på spørsmål om mekling.

Økonomiske forhold mellom foreldre

Det økonomiske forholdet mellom foreldra er i utgangspunktet eit privatrettsleg forhold. Ved utrekning av reisekostnader ved samvær er hovudregelen at kostnadene skal fordelast etter storleiken på inntektene dersom foreldra ikkje blir samde om ei anna fordeling. Fylkesmannen kan avgjere fordelinga av reisekostnader dersom ei anna fordeling enn hovudregelen er rimeleg. Dette kan for eksempel vere store inntektsskilnader mellom foreldra samtidig som reisekostnadene er høge.

Fylkesmannen kan gjere avtalar bindande

Fylkesmannen kan gjere ein skriftleg avtale om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader juridisk bindande (gi avtalen tvangskraft). Begge foreldra må vere samde om administrativ behandling hos Fylkesmannen. Dersom det gjeld reisekostnader i samband med samver, og barnet er over 15 år, kan Fylkesmannen behandle saka sjølv om berre éin av foreldra ønskjer det. Foreldra kan også bringe saka inn for domstolen.

Foreldre som ikkje har foreldreansvar, har etter barnelova likevel rett til opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og omsorgstenesta og politiet. Fylkesmannen er klageinstans ved avslag på krav om slike opplysningar.

Vis meir


05.01.2018

Endringer i barneloven

Det er vedtatt endringer i barneloven som trer i kraft 1. januar 2018. Endringene er ment å likestille foreldrene som omsorgspersoner, og målet er å styrke barnets samvær med begge foreldrene.



Aktuelt

Vakttelefon:

mandag
1200-1430
tirsdag 
1200-1430
onsdag 
0900-1100
torsdag
1200-1430
Telefon:
22 00 36 99

Relaterte lenker

Barneloven
 
Informasjon om mekling 

Meklingsinstanser i Oslo og Akershus 

Adresser til familievernkontor