Personvern

Fylkesmannen.no er ein fellesportal for alle landets fylkesmenn, med underliggande sider for kvart enkelt fylkesmannsembete. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har det redaksjonelle ansvaret for portalframsida og for kjernetekstar som er felles for heile landet. Alle fylkesmennene har eigne redaksjonar med eit sjølvstendig ansvar for lokale sider på Fylkesmannen.no. Personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkjande på Fylkesmannen.no.

Behandlingsansvarleg

Behandlingsansvarleg bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal nyttast. Fylkesmannen som institusjon er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). KMD er også behandlingsansvarleg for Fylkesmannen.no. Det vil seie at KMD er ansvarleg for datatryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data blir behandla på ein sikker måte med omsyn til integritetsvern (konfidensialitet), dokumentintegritet og rett identitet. Behandlingsansvarleg er dessutan ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. KMD skal også syte for dokumentasjon som viser at oppgåvene blir utførde i samsvar med personopplysningslova og reglar gitt i internkontrollova.

Databehandlar er den som behandlar data på vegner av den behandlingsansvarlege. Det enkelte fylkesmannsembetet er definert som databehandlar. Fylkesmannen hentar inn personopplysningar vi treng for å kunne utføre oppgåvene og tenestene våre. Vi behandlar personopplysningar tråd med gjeldande lov og forskrift. Dersom vi hentar inn opplysningar om deg, blir du varsla med mindre innsamlinga av opplysningar er lovpålagt, varsling er umogleg eller svært vanskeleg, eller er det er opplagt at du kjenner til opplysningane som varselet skal innehalde.

Innhald

Du har rett til å få informasjon om opplysningane vi har om deg, og om korleis vi behandlar opplysningane. Om du ønskjer meir informasjon om korleis Fylkesmannen behandlar personopplysningar, kan du ta kontakt på e-postadressa: trippelnett@fylkesmannen.no

Informasjonskapslar (cookies) og automatisk lagring av informasjon

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir lasta ned og lagra på datamaskina di når du opnar ei nettside. Dei aller fleste nettsider brukar slike informasjonskapslar. Fylkesmannen.no brukar informasjonskapslar til å betre brukaropplevinga di og til å samle inn statistikk. Bruken av informasjonskapslar har ikkje noko å seie for tryggleiken din. Du kan la vere å samtykkje til lagring av informasjonskapslar, men det kan føre til at tenestene på nettsida ikkje fungerer optimalt. Ingen av opplysningane vi får inn via informasjonskapslar, blir brukte til å identifisere den einskilde brukaren.

Webanalyse

Fylkesmannen ønskjer at besøkjande på nettsidene våre skal finne det dei er ute etter raskast mogleg. For å lage og vedlikehalde ein brukarretta nettstad er vi avhengige av å kunne analysere brukarmønsteret til dei som brukar sidene våre. Vi samlar derfor inn avidentifiserte opplysningar om besøkjande på Fylkesmannen.no. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane tilbake til den einskilde brukaren. Føremålet er å utarbeide statistikk som vi brukar til å betre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva statistikken gir svar på er; kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer og kva nettlesarar som blir brukte. Opplysningane blir behandla i aggregert form, det vil seie at alle data blir slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. I tillegg blir opplysningane anonymiserte. Informasjonen kan ikkje sporast tilbake til den einskilde brukaren. Dersom du ikkje ønskjer å bidra til analysen av brukarmønster, kan du reservere deg mot det.

Informasjon lagra i elektroniske skjema

Fylkesmannen brukar elektroniske skjema for å forenkle og effektivisere offentleg forvaltning. Når du fyller ut elektroniske skjema på Fylkesmannen.no, vil informasjonen du gir frå deg berre bli sendt til den eller dei offentlege verksemdene som treng informasjonen til saksbehandling.

Kontaktinformasjon til Fylkesmannen.