Nøkkeltal frå verjemål

I fjor tok 45 500 verjer hand om interessene til 62 700 personar. Fylkesmennene forvalta 21,3 milliardar kroner på vegner av dei som har verje.

Verjemål er ei frivillig velferdsordning for personar som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje sjølv kan ta hand om sine eigne interesser.

Fylkesmannen er førsteinstans på verjemålsområdet. Vi rekrutterer verjer, syter for opplæring, rettleiar publikum og fører tilsyn med verjer. I tillegg forvaltar vi midlar som høyrer til dei som har verje. Det å skrive si eiga framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til verjemål. Når ei framtidsfullmakt treng stadfesting, er det Fylkesmannens som behandlar søknaden.

Kapitalkontoar

Når den som har verje har finansielle verdiar over 2G, blir midlane som hovudregel forvalta av Fylkesmannen, og midlane blir sette inn som bankinnskot på individuelle kontoar. I fjor forvalta fylkesmennene kring 21,3 milliardar kroner. Det generelle rentenivået har vore fallande, noko som også har påverka midlane til dei som har verje. Beste tilgjengelege rente ved årsskiftet 2019–2020 var 2,05 prosent på plasseringsalternativet fast rente med eitt års bindingstid.

Ufrivillige verjemål og den såkalla Tolga-saka fekk mykje merksemd i media i 2018. I ettertid har fylkesmennene gått gjennom ei rekkje verjemål for å sikre at ingen hadde eit ordinært verjemål mot sin vilje. Ved årsskiftet var 255 verjemål oppheva eller i ferd med å bli oppheva. Ti saker var framleis til vurdering.

Den viktige samtalen

Eit verjemål skal vere tilpassa behova dine, og det skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Fylkesmannen skal ikkje opprette verjemål dersom personen motset seg verjemålet. I 2019 utvikla Statens sivilrettsforvaltning ein eigen samtalemetodikk som verjer og tilsette hjå Fylkesmannen brukar når dei skal ha den viktige samtalen med ein person som har eller kanskje treng verje. Dette er ein metodikk som skal gjere det lettare å forstå personens vilje og gjennom dette støtte personen i å ta avgjerder for eige liv. Alle fylkesmannsembeta har fått opplæring i metodikken, og embeta har begynt å lære opp verjene.

Digitalisering i verjemålsordninga

65 prosent av alle verjerekneskap vart sende inn digitalt i 2029. 54 prosent søkte digitalt om verjegodtgjersle. 49 prosent søkte digitalt om Fylkesmannens godkjenning.

Denne saka er skriven med utgangspunkt i årsmeldinga til Statens sivilrettsforvaltning. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er sentral verjemålsmynde. Hovudoppgåvene til SRF er etatsstyring- og budsjettansvar, klagebehandling, kapitalforvalting, saksbehandlarløysinga VERA og tilsyn på verjemålsområdet.