Brev til alle landets kommunar om ekstra beredskap i sommarferien

Smitteverntiltaka som vart sette i verk i samband med Covid-19 kan ha forverra situasjonen for mange barn og unge som lever med vald og negativ sosial kontroll i familien.

I eit brev til alle landets kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn blir offentlege instansar, skular, helsetenesta og andre etatar bedne om å vere ekstra merksame på at nokre unge kan vere i faresona til å bli tekne med til utlandet for å bli tvangsgifte eller utsett for helseskadelege tradisjonar. Brevet frå Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet seier at arbeidet med å sikre barn og unges rettar er høgt prioritert og krev brei tilnærming og samarbeid på tvers av etatar og landegrenser.

Styresmaktene trur at også barn og unge som ikkje har opplevd vald tidlegare, kan ha blitt utsett for dette etter at smitteverntiltaka vart sette i verk. Barn og unge kan ha opplevd at dei mista den fridomen dei hadde då skular og barnehagar vart stengde.

Når barn blir att i utlandet mot sin vilje

Erfaring viser at saker der unge blir tekne med til utlandet mot sin vilje, gjerne blir oppdaga først når den unge alt er reist frå Noreg. Derfor er det så viktig å førebyggje at unge blir tekne med til utlandet mot sin vilje. Slik førebygging kan hindre at unge blir utsette for situasjonar som krenkjer rettane deira.

Les heile brevet frå departementa.