Ny rettleiar om barn og unge i plan og byggesak

Samfunnet skal ta omsyn til barn og unge både i planlegging og i krava til det enkelte byggetiltak.

Ny rettleiar

Den nye rettleiaren er kome i stand etter tilbakemeldingar frå fylkesmenn, fylkeskommunar, FNs barnekomite og som eit svar på evalueringa av plan- og bygningslova (EVA-plan).

Barnas interesser

Rettleiaren gir god forankring i plan- og bygningslova om korleis barns interesser kan ivaretakast i planprosessar og i byggesak, og syner kopling til folkehelselova. Barnekonvensjonen er tydeleg lagt vekt på, der barnets beste og barnets rett til å seie si meining er løfta fram. Barnets rett til å medverke og uttale seg er gitt god plass og det blir understreka at barnerepresentanten ikkje kan erstatte involveringa av barn. Det lovpålagde ungdomsrådet er særskilt omtala.

Barn og unges talsperson

Barnerepresentanten sine oppgåver blir også tydeleggjort i rettleiaren. Både tidleg deltaking, og deltaking i møte og dialogar i heile prosessen er lagt vekt på. Rettleiaren legg fram forslag om kven som bør ha rolla som barn og unges talsperson, og kva kunnskap denne bør ha.