Tilsynskalender for samordning av planlagde statlege tilsynsaktivitetar

Frå 2020 tek fylkesmennene og fleire andre statlege tilsynsetatar i bruk ein felles nasjonal tilsynskalender for tilsyn med kommunar og fylkeskommunar.

Den nye kommunelova stiller tydelege krav til fylkesmannen når det gjeld å  samordne statlege tilsyn. Tilsynskalenderen er eit praktisk verktøy for samordning av tilsyn. Verktøyet skal brukast av fylkesmannen, fleire andre statlege tilsynsmyndigheiter, kommunar og fylkeskommunar. 

Gjennom tilsynskalenderen vil fylkesmannen få ei samla oversikt over tilsynsetatane sine planlagde tilsyn i fylket, og på den måten lettare kunne samordne desse. Kommunane og fylkeskommunane vil gjennom tilsynskalenderen få ei oversikt over planlagde tilsynsaktivitetar som gjeld dei. Tilsynskalenderen vil vidare vere eit verktøy i dialogen som skal vere mellom fylkesmannen og kommune og fylkeskommune i samband med planlagde tilsyn.

På tvers av etatar

Tilsynskalenderen vil i 2020 gradvis bli fylt med innhald, og vil frå 2021 gi oversikt over alle planlagde tilsynsaktivitetar. I løpet av våren 2020 får vi på plass ein modul for at kontrollutvalssekretariata skal kunne legge inn informasjon om planlagde og gjennomførte forvaltningsrevisjonar. Dei statlege tilsynsetatane får med dette også oversikt over kommunane sine forvaltningsrevisjonar. Tilsynskalenderen som verktøy vil kunne medverke til å auke kjennskapen til tilsyn og forvaltningsrevisjonar på tvers av etatane.

Tilsynskalenderen er utvikla av Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmennenes fellesadministrasjon på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Formål og lovheimel

Formålet med tilsynskalenderen er å legge til rette for samordning av statlege tilsyn med kommunar og fylkeskommunar slik det følgjer av ny kommunelov § 30-6 og 30-7. Tilsynskalenderen vil vere det viktigaste verktøyet i samordningsarbeidet etter kommunelova.