Brenn du avfall i sankthansbålet?

Foto: Toa Heftiba / Unsplash.

I samband med feiring av jonsokaftan er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel då å sette fyr på avfallet sitt. Dei tenkjer kanskje at det ikkje er så nøye med kva som skjer med deira «rusk og rask», men brenning av avfall er både skadeleg og ulovleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2019, Sist endra 21.06.2022

Statsforvaltaren vil minne om at det einaste ein kan brenne lovleg er reint trevirke som greiner, kvistar og ubehandla trematerial. Alt anna er avfall og må leverast til eit godkjent avfallsmottak. Desse mottaka sørgjer for at avfallet anten vert materialgjenvunne eller går til forbrenning. I forbrenningsanlegga vert energien i avfallet blir gjenvunne, og det er god reinsing av gassane som oppstår under brenninga.

Luftforureining

I eit vanleg bål har ein ikkje kontroll på tilhøva når det gjeld temperatur og kva for gassar som vert produserte. Resultatet av ukontrollert brenning er spreiing av partiklar (sot) og ulike gassar som kan vere svært skadelege både for menneske og miljø.

Forureina grunn

I tillegg til giftige gassar og helseskadelege partiklar, får ein oske og andre restar av brent materiale. Dette vil ofte føre til at grunnen der bålet stod, blir forureina. Det vil igjen føre til at grunneigaren kan få vanskar i samband med graving i eller bygging på grunnen. Og grunn med mogleg forureining kan ein ikkje selje utan å melde frå til kjøparen om at det her finst noko som kan gje vanskar og store kostnader i framtida. Mange stader kan også brannrestane hamne i sjø eller vassdrag og forureine der. Oska som vert igjen etter slik brenning, kan vere farleg avfall og må leverast til eit godkjent mottaksanlegg for slikt avfall.

Gjenvinning

I tillegg til at det forureinar, er brenning å sløse med ressursar. Store deler av avfallet vårt kan brukast om igjen på ein eller annan måte, og det skjer dersom avfallet kjem inn til avfallsmottaka. Det som ikkje kan brukast om igjen, vert brent i spesielle anlegg der energien utnyttast.

Alle former for privat avfall kan leverast til ein miljøstasjon dersom det ikkje kan sendast med i renovasjonen. Eksempel på materiale som ikkje kan brennast lovleg er møbel, sponplater, teppe, plastkanner, målingsspann og trevirke som er måla, impregnert eller inneheld lim eller lakk.

Forbod mot brenning

All brenning av avfall er ulovleg dersom det ikkje er gitt løyve frå forureiningsmyndigheitene. Privatpersonar kan etter avtale med kommunen brenne ubehandla trevirke for eksempel i samband med jonsokfeiring. Har du planar om slik brenning, så ta kontakt med kommunen din i god tid på førehand. Verksemder må alltid levere alt sitt avfall til eit godkjent avfallsmottak.

Kommunen er myndigheit

Det er kommunen som er myndigheit når det gjeld open brenning. Ser du eit bål med anna enn reint trevirke, skal du melde frå til kommunen så dei kan gjere noko med saka. Det same gjeld for bålplassar som er under oppbygging og dersom du oppdagar andre former for forsøpling. Er bålet alt tent på, må du ringe brannvesenet slik at det vert søkt så raskt som mogleg. Unngå å puste inn gassane frå bålet.

Kommunen må sørge for at grunnen der bålet stod vert registrert i matrikkelen med mistanke om forureina grunn. Då vil noverande og framtidige grunneigarar få kjennskap til at det kan vere skadelege stoff i grunnen, og kommunen vil måtte gjere grundige vurderingar dersom det nokon gong skal gravast eller byggast på staden.

Forsøpling eller brenning av avfall frå verksemder kan du også melde frå om til Statsforvaltaren. Vi fører tilsyn med at verksemder leverer avfallet sitt til mottak som har fått løyve til dette frå oss.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar