Helse offshore

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren i Rogaland har ei landsdekkjande rolle i saker som gjeld helse og hygiene i petroleumsverksemda til havs på den norske kontinentalsokkelen.

Tilsyn med helse og hygiene

Statsforvaltaren i Rogaland har tilsyn med helse og hygiene om bord på alle faste og flyttbare installasjonar i petroleumsverksemda til havs. Tilsynet omfattar blant anna helsetenesta (den kurative tenesta og beredskap), matvarehandtering, forpleiing og drikkevassforsyning. Du finn meir informasjon og oversikt over tilsynsaktivitetane på nettsidene til Statsforvaltaren i Rogaland.

Helseerklæringar

Statsforvaltaren i Rogaland forvaltar regelverket for helsekrav for personar i petroleumsverksemda til havs og kan også gi dispensasjonar dersom krava ikkje er oppfylte. På nettsidene til Statsforvaltaren i Rogaland finn du liste over petroleumslegar som skriv ut offshoreattest (helseerklæring for personar i petroleumsverksemda til havs). For offshoredykkarar har vi lister over godkjende legar og skjema for nedlasting. 

Dispensasjon frå helsekrava

Dersom du har ein sjukdom eller tilstand som kan vere ein risiko for tryggleiken offshore, vil du ikkje kunne reise offshore utan eit vedtak frå Statsforvaltaren i Rogaland. I vedtaket går det fram om helsekravet er oppfylt eller om dispensasjon er gitt med tidsavgrensning og eventuelle vilkår som gjeld. Statsforvaltaren kan gje dispensasjon frå helsekrava dersom det fins særlege grunnar og omsynet til tryggleiken ikkje talar i mot. Dersom du ønskjer dispensasjon, skal du vende deg til den petroleumslegen som har undersøkt deg. Petroleumslegen vil då gjere vidare undersøkingar og sender deretter saka over til oss.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 31.01.2014

Nye regler for godkjenning av dykkerleger

Nå heter det i forskriften at for å få godkjenning som dykkerlege må man først og fremst være godkjent petroleumslege.


Les dette før du sender informasjon

E-post:

For å sikre at din henvendelse blir behandlet også ved fravær hos saksbehandler skal e-post sendes til vårt postmottak: sfnopost@statsforvalteren.no 

Sikker melding:

Ikke send personsensitive opplysninger (personnummer, informasjon om helsetilstand o.l.) i e-post. "Sikker melding" kan benyttes til sikker sending av meldinger og dokumentasjon:

Brevpost:

Du kan også sende din henvendelse til vår postadresse:

Statsforvalteren i Nordland, Postboks 1405, 8002 Bodø

Telefon:

Du kan kontakte oss på 75 53 15 00 (sentralbord).