Trus- og livssynssamfunn

Fylkesmannen registrerer trus- og livssynssamfunn, behandlar krav om tilskot, godkjenner nye forstandarar og ser til at trus- og verksemda i livssynssamfunna er i samsvar med lover og forskrifter. Fylkesmannen er klageinstans for saker som gjeld kommunale tilskot til trus- og livssynssamfunn.

Den digitale løysinga "Trus- og livssynsamfunn" gir innsyn i opplysningar om livs- og trussamfunn som har søkt om statstilskot. 

Du får tilgang til den digitale løysinga ved å klikke på "Oversikt over trus- og livssynssamfunn" til høgre i skjermbiletet. Ved å klikke på det enkelte trussamfunnet får du tilgang til kontaktopplysningar, registreringsdato dersom det er registrert, namn på godkjende forstandarar, eventuell vigselsmynde, utbetalt statstilskot osv. Du får opp tilsvarande opplysningar ved å søkje på livssynssamfunna. Du kan også samanstille informasjon ved å bruke søkefelta.

Fristen for å setje fram krav om tilskot til trus- og livsssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er 1. mars.  

Har du spørsmål om trus- og livssynssamfunn, kan du vende deg til Fylkesmannen i fylket der trussamfunnet er registrert.

Vis meir


23.08.2019

Ny frist for å kreve tilskudd til tros- og livssynssamfunn

Tros- og livssynssamfunn utenom Den norske kirke som ennå ikke har fremmet et krav om tilskudd for 2019, kan kreve tilskudd innen 13. september.

05.02.2019

Statstilskudd og tilskudd til private kirkebygg for 2019

Viktig informasjon om statstilskudd og tilskudd til private kirkebygg til tros- og livssynssamfunn.