Redusert kapasitet på verjemål

Fylkesmannen har redusert kapasitet på sakshandsaming. Verjer må følgje opp verjehavarane så godt som mogleg, men til ei kvar tid følgje styresmaktene sine råd – og varsle Fylkesmannen ved spesielle utfordringar.

Verjemålsgruppa følgjer råd og pålegg frå styresmaktene, og dette gjeld sjølvsagt for dykk som verjer også.

Vi arbeider heimanfrå og er ikkje til stades på fylkeshuset i Molde.

Det inneber at:

  • vi ikkje er like tilgjengelege på telefon som til vanleg.
  • vi har ingen fysiske møter, men har elektroniske møter på Skype eller Teams.
  • vi har redusert kapasitet på sakshandsaming og antakeleg lengre sakshandsamingstid.

Verjer må:

  • følgje generelle råd og pålegg frå styresmaktene
  • følgje opp verjehavarane så godt som mogleg
  • varsle Fylkesmannen ved spesielle utfordringar eller om risikosaker
  • som vanleg kontakte oss ved trong for råd og rettleiing
  • følgje med på eventuelle nyhende på vergemal.no

Vi må ha forståing for at dette er ein spesiell situasjon også for kommunane. Verja må likevel følgje opp at verjehavar får dei tenestene som det er mogleg og forsvarleg for kommunen å levere. Verja bør, ved trong, ha ein dialog med kommunen for å sikre at verjehavar får den hjelpa han/ho treng. Særleg viktig er det å sikre forsyning av mat og medisinar.

Nokre verjehavarar er i risikogruppa. Det må då takast naudsynte forholdsreglar med tanke på kommunikasjon. Normalt venter vi at de treff verjehavar når de får eit nytt oppdrag. I denne situasjonen kan det vere fornuftig å utsette dette besøket til seinare og heller forsøke å få til eit møte gjennom andre kanalar. Samarbeid gjerne med hjelpeapparatet eller pårørande om dette.

Ta kontakt dersom det viser seg vanskeleg å overhalde fristar de har fått. (Dette gjeld ikkje frist for årleg verjerekneskap, men til dømes innsending av signert samtykkeerklæring, legeerklæring etc.)

Verjemålsgruppa forsøker å sakshandsame saker så langt det lar seg gjere, og sende ut naudsynte brev og dokumenter.

Bruk Altinn

Vi vil også understreke betydningen av og muligheten til å sende oss regnskap, søknader og annen informasjon via Altinn.

Takk for forståing og samarbeidsvilje.