Øvre aldersgrense for faste verjer

Vi får stadig førespurnadar om det er sett ei øvre aldersgrense for å vere fast verje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 06.03.2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har på grunnlag av dette funne det tenleg å setje ei øvre aldersgrense for å vere fast verje. Aldersgrensa er sett til 75 år. Dette var med verknad frå 01.01.2020.

Vi ynskjer at verja sjølv gir Statsforvaltaren melding om behov for endring av verje i sine saker i løpet av det året dei fyller 75 år.  Statsforvaltaren vil då starte sak om endring av verje og vi vil varslar verjehavar om endringa. Vi anbefaler at verja snakkar med verjehavar om at han/ho får ny verje.  Dersom det er forslag til ny verje i saka, eller det vurderast at det ikkje er behov for verje lenger, ber vi om at dette opplysast i meldinga til Statsforvaltaren.

Hugs at du som verje må stå i rollen fram til vedtak om fritak frå oppdraget er motteke.