Verjerekneskap 2019

Fylkesmannen ber verjer om å nytte Altinn for digital innsending.

Når ein sender verjerekneskapet digitalt kjem dette direkte på saka til den du er verje for.

Når ei så stor mengd rekneskap skal leverast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 30.04.2020, vil ei rask, effektiv og direkte overføring via Altinn være nyttig både for verje og for Fylkesmannen.

Digital innsending

For å levere rekneskap digitalt, må alle fire kategoriar leverast samla i Altinn. Kontoutskriftene kan skannast i ei samla fil frå papirutskrifter og leggjast inn under kategorien «kontoutskrifter», eller ein kan gå inn via nettbanken og laste opp alle kontoutskrifter pr. konto og legge desse inn i mappa for kontoutskrifter.  Forklarande tekst kan påførast kontoutskrifta eller skrivast på eige ark og leggjast ved som vedlegg.

Det er særs viktig å velje rett kategori for vedlegga som vert lasta opp:

  1. Fullstendigheitserklæring
  2. Kontoutskrifter
  3. Skattemelding 2019
  4. Årsoppgåver


Lenke til veiledning for digital innsending finn du i dokumenta til høgre på sida

Her kan du starte utfylling i Altinn

Etter utfyllinga av «Fullstendighetserklæringen» må du laste opp vedlegga i dei tre andre kategoriane. Det kan og leggjast ved ei eiga fil med ytterlegare kommentarar og nærare forklaring på transaksjonar eller andre opplysningar til rekneskapen.

Merk deg at det er avgrensa kor mange filer som kan lastas opp i Altinn. For rekneskap med mange kontoar kan ei løysing være å kontakte banken for å få ei samla utskrift for heile året på sparekontoar utan mange transaksjonar, eller å skanne alle kontoutskrifter for året i ei samla fil.

Utfyllinga i Altinn kan startast opp og mellomlagrast fleire gonger før ein gjer den ferdig og sender inn. Vi minner om at det er verja si private elektroniske ID som skal nyttast under registreringa, då det er verja som er innsendar av rekneskapet. Ta vare på kvitteringa du får om at rekneskapen er sendt inn digitalt.

Vi minner også om at det er den korrigerte skattemeldinga som skal leverast (saman med den førehandsutfylde), slik at det kjem fram kva for eit beløp verja har lagt inn som frådrag i post 3.3.7 knytta til verjehavar sine utgifter til verjehonorar og utgiftsdekning gjennom året.

For meir informasjon: http://vergemal.no/vergeregnskap