Framtidsfullmakt

Dersom du skriv ei framtidsfullmakt, kan du sjølv bestemme at nokon du stoler på skal ta vare på dine interesser den dagen du ikkje lenger greier det sjølv.

Ein reknar med at det i Noreg i dag er omlag 60 000 menneske med demens, og beregningar viser at det kan vere dobbelt så mange i 2050. Vi kan alle på eit tidspunkt i livet komme i ein situasjon der vi ikkje lenger er i stand til å ivareta eigne interesser fullt ut. Sjukdom eller anna kan føre til at vi får problem med å styre økonomien vår og/eller å ta viktige avgjersler i meir personlege forhold. Problema kan være forbigåande, eller dei kan vare livet ut.

Skulle dette ramme deg, vil Fylkesmannen kunne oppnevne ein verje som kan hjelpe deg. Den nye verjemålslova, som vart sett i kraft 1. juli 2013, har reglar om dette. Men lova har også praktiske og gode alternativ til eit offentleg oppretta verjemål. Ved å kjenne til desse alternativa, er det muleg for deg å rå over eige liv og framtidige disposisjonar.  

 

Framtidsfullmakt

Ønskjer du å bestemme over eige liv heile livet?

Kva skjer når du ikkje lenger kan ta avgjersler på eigne vegne? Før 2013 ville svaret på spørsmålet ha vore oppretting av verjemål. Ny verjemålslov åpnar derimot for eit privat alternativ til verjemål – oppretting av framtidsfullmakt. Ved å opprette ei framtidsfullmakt kan ein, dersom ein ønskjer det, unngå at Fylkesmannen oppnevne verje.

Vi har alle eit ønskje om sjølvråderett – i størst muleg grad kunne ta avgjersler og legge føringar for eige liv. Så lenge ein er frisk og oppegåande vil ein kunne ta alle avgjersler sjølv. Dersom ein på grunn av sinnsliding, demenssjukdom eller alvorleg svekka helse vert ute av stand til å ta informerte og overveide val vil ein derimot ha behov for hjelp til å ivareta eigne interesser. Vanlege fullmakter fell bort, og verjemål har tidlegare vore naudsynt for å kunne handle på vedkomande sine vegne. Eit typisk eksempel på eit behov som kan kome er behovet for å selge bustad, enten på fordi du har fått plass på sjukeheim eller har råka ut for ei ulykke.

Ved å opprette ei framtidsfullmakt får du rett til å bestemme over eige liv også etter at du er ute av stand til å handtere dette sjølv på grunn av din helsesituasjon. Du kan sjølv bestemme kven du ønskjer skal ta vare på dine interesser i framtida. Det kan vere at du har særleg tillit til ein person eller fleire. Du kan også bestemme om du ønskjer at ein annan person skal tre inn som ny fullmektig dersom den første vert hindra. På den måten kan du sikre at ein person du har tillit til, og som kjenner dine behov og ønskjer, kan ta vare på deg i framtida. Det kan være lurt å forsikre seg om at personen(-ane) du fører opp også ønskjer dette vervet.

Som fullmaktsgjevar rår du over omfanget av fullmakta – det er difor viktig at ein brukar tid til å tenkje gjennom formuleringane. Framtidsfullmakta kan omfatte både økonomiske og personlege forhold. Økonomiske forhold kan vere å betale rekningar, gjere økonomiske avtalar og overføring av pengar. Utdeling av forskot på arv eller større gåver kan også verte omfatta dersom det går klart fram av framtidsfullmakta. Når det gjeld personlege forhold vil det gjerne vere å representere deg overfor offentleg myndigheit, som til dømes klage på vedtak og syte for at du får den hjelpa du har krav på.

 

Ønskjer du å unngå verjemål?

Mange seiar at motivasjonen for å opprette framtidsfullmakt er å unngå verjemål og offentleg innblanding. Likevel ser vi ofte at framtidsfullmaktene vi mottar kun omfattar sal av bustad, forskot på arv og betaling av rekningar. I løpet av alderdomen er det gjerne flere avgjersler som må takast, avgjersler som då fell utanfor den oppretta framtidsfullmakta. Dersom ein avgrensar framtidsfullmakta, enten dette er eit bevisst val eller ei rein forgløyming, vil ein normalt ha behov for ei verjeordning når det dukkar opp andre og/eller uventa forhold. Fullmaktsgjever vil i dei fleste tilfella vere så svekka når framtidsfullmakta trer i kraft at det vil vere for seint å opprette ein ny og meir omfattande framtidsfullmakt. Eit verjemål vil i disse tilfella verke parallelt med framtidsfullmakta.

 

Vil du opprette framtidsfullmakt?

Dersom du ønskjer å opprette ei framtidsfullmakt rår vi til vi at du først les meir om ordninga i infoskriv som du finn i dokumentlista til høgre på denne sida.

Du finn også eit døme på ei slik fullmakt i dokumentlista til høgre. Det er viktig at du som fullmaktsgjever er merksam på at dette kun er eit døme, ikkje ein mal til å fylle ut, då døme viser eit vidt alternativ. Du kan også legge til eller fjerne oppgåver. Det er med andre ord du som veljer kva som er riktig for deg.