Tilskot til psykologar i kommunane 2019
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020
Psykologkompetanse skal frå 2020 vere tilgjengeleg over heile landet etter ei endring i helse og omsorgstenestelova. Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auke rekrutteringa, og bidra til at flest mogleg av kommunane oppfyller kravet innan neste år.
Målet med rekruttering av fleire psykologar er at det skal styrke kvalitet og kompetanse i det tverrprofesjonelle arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.
Det er kommunane ved helse- og omsorgstenesta som kan søkje om tilskot, og tilskotet skal bidra til å dekkje delar av kommunen sine lønsutgifter til psykologstillingar.
Ved tildeling vil dei kommunane som tidlegare ikkje har motteke tilskot bli høgst prioritert.
Også kommunar som søkjer om å nytte psykologen i rusarbeid og/eller inn mot gruppa eldre 65 år+ har høg prioritet.
Kommunen skal nytte elektroniske søknads- og rapporteringsløysning som du finn i høgremenyen. Der finn du regelverk for ordninga, og korleis du skal søkje og rapportere på tilskotet. Dei som fekk tilskot i 2018 må bruke elektronisk rapporteringsskjema som ligg der
Søknadsfrist: 10. februar 2019
- Søknadsfrist:
- 10. februar 2019
- Målgruppe:
- Kommunar
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2020