Regionale miljøtilskot

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot kan også søkje om tilskot i regionalt miljøprogram. Kommunen behandlar og avgjer søknaden. Søknadsfristen er 15. oktober, kvart år for jordbruksføretak. Utbetaling skjer i mars året etter.

Miljøvirkemiddel

Regionale miljøtilskot er miljøverkemiddel, som skal bidra til å målrette miljøarbeidet i jordbruket, synleggjere den samla miljøinnsatsen i jordbruket, og betre forankringa av miljøarbeidet både regionalt og lokalt.

Søknad kan leverast elektronisk via link på denne sida. 

Miljøtiltak du kan søkje tilskot til

  • Slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap
  • Beite av lokalt verdifulle jordbrukslandskap
  • Skjøtsel av bratt areal, Helling 1:3 eller brattare
  • Skjøtsel av bratt areal, Helling 1:5 - 1:3
  • Skjøtsel av slåttemark
  • Beite av kystlynghei
  • Tilrettelegging av fuglebiotopar
  • Drift av enkeltseter med melkeproduksjon, 4-6 veker
  • Drift av fellesseter med melkeproduksjon, 4-6 veker
  • Drift av enkeltseter med med foredling
  • Drift av fellesseter med med foredling
  • Skjøtsel av gravminne
  • Spreiing i vår/vekstsesongen
  • Bruk av tilførselsslangar

Du finn meir informasjon i linkane på denne sida. Det vert publisert meir om regelverk og rutiner når søknadsfristen nærmar seg.

Beitelag

Beitelag kan søkje om tilskot til drift av beitelag innan 1. november. Beitelag må bruke skjemaet som er tiltenkt beitelaga. Sjå anna sak.

Søknadsfrist:
15.10.2018 23:59:00
Målgruppe:
Føretak som driv jordbruk, beitelag
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søkje:
Registrerte føretak som har rett til produksjonstilskot og beitelag

Kontaktpersonar