Tilskot til fylkesvise klima- og miljøtiltak

Også i landbruket skal vi nå Møre og Romsdal sine mål innan klima og miljø. Fylkesmannen lyser no ut midlar som rådgivarar, fag- og næringsorganisasjonar samt andre kompetanse- og forskingsmiljø kan søke på innan 1. oktober. 

Formål med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgiving til næringa innan felta klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald.
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane.

Fylkesmannen forvaltar midlane som går til fylkesvise klima- og miljøtiltak.

Ramma for Møre og Romsdal i 2020 er på kr 260 000. Etter 1. utlysingsrunde og inndraging av tilskot er det att omlag kr 197 000 av midlane.

Utfylling av søknad gjerast i Altinn med innlogging via ID-porten.

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar mv.
  • Andre føretak

For å kunne søkje må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Søknad må vere loggført i Altinn innan 1. oktober 2020

Prioriteringar for 2. utlysingsrunde i 2020

Vatn er naudsynt i landbruket, men det er og knytt ulike problemstillingar til for mykje vatn. Fylkesmannen i Møre og Romsdal ynskjer fokus på utfordringane kring vassmetting i jord og effektane for jord og klimagassutslepp frå jord, ved bruk av tyngre landbruksmaskiner. Fylkesmannen vil prioritere søknader der eventuelle klimakonsekvensar og avlingstap som resultat av for høg vassmetting og jordpakking vert vurdert, med vekt på forholda i Møre og Romsdal.

Basert på den samanstilte kunnskapen, er det ynskjeleg med ei tiltakspakke til bonden om kva som kan gjerast for å redusere effektane. Søkjar må også legge fram korleis dei planlegg å nå ut med resultatet og faglege råd til næringa.

 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.10.2020 00:00:00
Målgruppe:
Landbruksrådgivinga, fag- eller næringsorganisasjoner, andre kompetanse- og forskningsmiljø
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søkje:
Landbruksrådgivninga, fag- eller næringsorganisasjoner, andre kompetanse- og forskningsmiljø.

Kontaktpersonar