Tilskudd kommunalt rusarbeid - restmidlar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal lyser ut restmidlar på ordninga Tilskot til kommunalt rusarbeid 

4,5 millionar av tilskotet blei ikkje delt ut ved ordinær tildeling i vår, og vi lyser derfor tilskotet ut på nytt. Målet for ordninga er kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem. I tillegg ønsker regjeringa å styrke brukar- og pårørandeperspektivet i tenestene gjenom denne tilskotsordninga.

For meir informasjon, sjå lenke til Helsedirektoratet sine heimesider i høgremargen. 

Søknadsfrist 20. september.

Bruk søknadsskjema på H-dir. si side. Søknadsskjemaet er i bruk, sjølv om ordinær søknadsfrist var 1. mars. 

 

Søknadsfrist:
20.09.2020 00:00:00
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søkje:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
01.02.2021 00:00:00