Arbeid med smittevern og oppfølging av personar med rus- og psykiske helseproblem

Søknadsfrist:
29. juni 2020
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helse og sosialeavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. april 2021

Gjennom revidert nasjonalbudsjett er det bevilga 50 millionar i ekstra tilskot til oppfølgingsarbeid for personar med rus- og samtidige psykiske helseproblem.

Publisert 22.06.2020

Koronaepidemien gjorde at ein stor del av tenestetilbodet blei redusert eller stengd på grunn av omsyn til smittevern. Målet med denne tilskotsordninga er å få tiltak opna igjen, etablere og tilpasse tjenestetilboda til målgruppa.

Midlane skal føre til gode og tilgjengelege tenester så raskt som mogleg, og det er eit mål at tiltak er på plass innan slutten av sommarferien.

Fylkesmannen har fått i oppgåve å behandle søknadane fra kommunane og skal sende ei samla innstilling til Helsedirektoratet 1. juli.

Den enkelte kommune skal sende ein kortfatta søknad basert på ei skildring av  utfordringar og tiltak, og eit tal på brukarar som ein foventar vil nytte tilbodet.

Meir informasjon finn de i dokument og lenke som ligg i høgremenyen.

Frist for innsending til Fylkesmannen er satt til 29. juni 2020.

 

https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/smitteverns-og-oppfolgingsarbeid-for-personer-med-rus-og-psykiske-helseproblemer

 

Søknadsfrist:
29. juni 2020
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helse og sosialeavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. april 2021