Rapportering på tilskot styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane for 2019

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering var ett av tiltaka i Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017 - 2019. Dette tilskotet skulle stimulere til å utvikle og styrkje dei kommunale tenestene. Tilskotet er no avslutta, slik at dette gjeld rapportering for dei kommunane som mottok tilskot i 2019 samt overførte tilskot frå 2018 til 2019.

Målet var å styrke feltet med tanke på at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovedtynga av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbiletet er omtalt i Meld.St. 26 (2014-2015) "Fremtidenes primærhelsetjeneste".

Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019, og i samsvar med krav og tilrådingar i "Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator". Innan utgangen av tilskotsåret skal kommunen ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.  

Delmål:

a) Styrkje pasientar og brukar sine vilkår for å oppretthalde og/eller gjenvinne si fysisk, sosial og/eller psykiske meistringsevne.

b) Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.

c) Sikre tilbod i samsvar med befolkninga sine behov, fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jf. Meld. St. 26 (2014 - 2015), "Fremtidens primærhelsetjeneste", med hovudvekt på kap. 21.

d) Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, andre sektorar og i og utanfor kommunen.

e) Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator, herunder styrkje koordinatorrolla. 

f) Koordinerande eining legg til rette for heilskapleg og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.

 

Kommunane rapportere på tilskotet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal

innan 01. april 2020.   For meir informasjon, sjå lenkene til høgre.

Søknadsfrist:
01.04.2020 23:59:00
Målgruppe:
Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med breidda i behov for sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering.
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Rapporteringsfrist:
01.04.2020 23:59:00

Kontaktpersonar