Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2020 - obs utvida søknadsfrist

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot er midlar som skal bidra til at kommunane sett i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon- og utviklingsarbeid ut i frå lokale føresetnadar og behov.

Beløp som skal fordelast i Møre og Romsdal: kr. 32 887 914

Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet

Målet for ordninga: 

Styrke kommunane sine evner og moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgsteneste, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står overfor på helse- og omsorgsfeltet

Primærmålgruppe: Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobbe i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).                                        

Sekundærgruppe: Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenesta og pårørande deira.

Tildelingskriteria:  Skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåing

Sjå meir om ordninga på Helsedirektoratet si nettside

Søknad skal sendast til: fmmrpost@fylkesmannen.no

Søknadsfrist:
31.03.2020 00:00:00
Målgruppe:
Primærmålgruppe: Leiarar, tilsette og personar som rekruterast til å arbeide i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusområda kan tilsette i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kven kan søkje:
Kommunar, Fylkeskommunar
Rapporteringsfrist:
01.03.2020 00:00:00