Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret

Det er no utlyst tilksot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontora. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova.

Det overordna målet er å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette også betra levekår.

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Følgjande område vil bli særskilt prioriterte i 2020:

  • bruk av ordinært arbeidsliv
  • oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar 
  • sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv

Særskilt for 2020: Arbeids-og velferdsdirektoratet (Avdir) ønskjer å prøve ut ulike modellar og verkemiddel for å få meir kunnskap om gode tiltak og korleis dei kan spreiast.

For 2020 er målet å få erfaring med desse verkemidla for vidare utvikling av tilskotsordninga, og Avdir ønskjer blant anna å prøve ut nettverk/ klyngesamarbeid og ekstern prosessevaluering på enkelte tiltak som melder si interesse i søknadsskjemaet.

For meir informasjon sjå fullstendig utlysningstekst i høgremenyen. Der finn du også regelverk og søknadsskjema

 

Søknadsfrist 1. februar 2020

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
01.02.2020 00:00:00
Målgruppe:
Nav-kontora i Møre og Romsdal
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søkje:
Nav-kontor
Rapporteringsfrist:
01.02.2021 00:00:00