Tilskot førebyggande rovvilttiltak

Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom finansiering av førebyggjande tiltak.

Del 1. Førebyggjande tiltak 

Forskrift for ordninga er felles med forskrifta for konfliktdempande tiltak (jf. omtale under Del 2.) og ligg her.

Målgruppe

Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. 

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2020.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Søknadsfrist:
15.02.2020 23:59:00
Målgruppe:
Husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar
Ansvarleg:
Marianne Aas Halse
Kven kan søkje:
Husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar

Kontaktpersonar