Tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Hjørundfjorden og Norangsdalen, fjellgardane i Øvre Sunndal og Alnes

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen, på fjellgardane i Øvre Sunndal og på Alnes. Søknadsfristen er 15. oktober 2019.

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

I 2019 har det utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen fått tildelt 900 000,- kroner.

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Les meir, og finn rettleiing og skjema på fagsida, Utvalde kulturlandskap

Det er 3 utvalde kulturlandskap i Møre og Romsdal, så sjå eigne artiklar om kvart av områda, eigne retningslinjer og eigne skjema.

1. Fjellgardane i Øvre Sunndal

2. Alnes

3. Hjrøundfjorden og Norangsdalen

Søknadsfrist:
15.10.2019 23:59:00
Målgruppe:
Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kven kan søkje:
Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket

Kontaktpersonar