Regionalt miljøprogram

Søknadsfrist:
15. oktober 2019 23:59
Målgruppe:
Jordbruksføretak med vanleg jordbruksproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Jordbruksføretak med vanleg jordbruksproduksjon og rett til produksjonstilskot

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og som også kan søke produksjonstilskot i jordbruket kan søke om RMP dersom eit eller fleire av tiltaka i miljøprogrammet er gjennomført og vilkåra er oppfylt.

Publisert 19.09.2019

Dei ulike tiltaka det kan søkast om tilskot for er:

  • Slått av verdifulle jordbrukslandskap
  • Slått av bratt areal
  • Drift av beitelag (søknadsfrist 1. november)
  • Slått av slåttemyr og slåttemark
  • Beite av område med kystlynghei
  • Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fuglar
  • Drift av seter
  • Skjøtsel av kulturminne
  • Ingen jordarbeiding om hausten (korn)
  • Grasdekt kantsone i åker
  • Vedlikehald av fangdammar
  • Nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel
  • Bruk av tilførselsslangar
  • Spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesongen

Enkelte av desse tiltaka krev at føretaket teiknar inn på kart kor tiltaket er gjennomført hen. Utbetaling vil skje i februar 2020.

Søknadsfrist:
15. oktober 2019 23:59
Målgruppe:
Jordbruksføretak med vanleg jordbruksproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Jordbruksføretak med vanleg jordbruksproduksjon og rett til produksjonstilskot