Støtte til utgreiings- og tilretteleggingstiltak for 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått 3,53 millionar for 2019 til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innan landbruksbaserte næringar.

Vi minner om at midlane ikkje er retta mot enkeltbedrifter. Det er kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire som kan søkje. Meir informasjon finn du på menyen på høgre sida i dokumentet «kven kan søke, og kva kan midlane brukast til?».

Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt tiltaket og søknaden!

Søknadsfristen for desse midlane sett til 1. mai 2019.

Har du prosjektomtale og budsjettet klart, kan du søkje elektronisk om midlane. Har du ein god idé og treng hjelp til å utvikle den eller er du usikker om du oppfyller krava, kan du ta kontakt med oss.

 

Søknadsfrist:
01.05.2019 00:00:00
Målgruppe:
Kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire.
Ansvarleg:
Ottar Longva
Kven kan søkje:
Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innanfor landbruket