Det er sannsynleg at noko usannsynleg vil skje

Sa fylkesmann Rigmor Brøste fredag 6. desember, under fagdagen for ordførarar og varaordførarar med tema samfunnstryggleik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2019

Noreg er eit av verdas tryggaste land å leve i. Vi har eit stabilt og demokratisk samfunn med lågt konfliktnivå. Vi opplev likevel alvorlege hendingar som vi må vere budd på å handtere lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kommunar har eit særskilt ansvar for tryggleiken til sine innbyggjarar og dei som er på besøk i kommunen.

På fagdagen var det informert om samfunnstryggleik generelt og kommunane sitt ansvar spesielt. I tillegg var det satt av tid der nokre kommunar delte sine erfaringar frå si handtering av uønskte hendingar.

Tidlegare ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad deler sine erfaringar rundt hendinga Veslemannen

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad delte erfaringar frå ulike hendingar i Stranda

Tidlegare varaordførar i Fræna kommune, Jan Arve Dyrnes delte sine erfaringar frå hendinga Viking Sky

Fylkesmann Rigmor Brøste takka alle for svært gode innlegg, og sa at bedre læring enn dette får du nesten ikkje

Det å dele erfaringar og lære av kvarandre er svært viktig, som Aristoteles (384–322 f.Kr.) sa: "det er sannsynlig at noko usannsynlig vil skje" sa fylkesmann Rigmor Brøste under ordførarsamlinga fredag. Brøste ønsker å arrangere ein ny ordførardag med fokus på samfunnstryggleik og beredskap om to år. 

Kontaktpersonar