Fylkesmannen stadfester reguleringsplan for gondolbane på Åndalsnes

Fylkesmannen i Møre og Romsdal stadfester Rauma kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for gondolbane på Åndalsnes med tilhøyrande reguleringsføresegner.

I november 2019 godkjente Rauma kommune detaljreguleringa, som gjeld etablering av pendel-/gondolbane frå Åndalsnes sentrum til Nesaksla. Det kom inn ein skriftleg klage på vedtaket innan klagefristen. Rauma kommune tok ikkje klagen til følgje og sendte saka over til Fylkesmannen som klageinstans.

Fylkesmannen har handsama saka etter plan- og bygningsloven og finn at kommunen har gjort ei tilstrekkeleg vurdering av dei ulike omsyna i saka og at planen oppfyller dei krav som går fram av lova. Fylkesmannen fann difor å kunne stadfeste kommunen sitt vedtak.   

Saka om detaljregulering for etablering av gondol i Åndalsnes er etter dette endeleg avgjort og kan ikkje påklagast vidare. Fylkesmannen sitt vedtak i det heile kan lesast gjennom å trykkje på link til høgre på sida.