Avgjerder

Her finn du avgjerder gjort av Fylkesmannen, i hovudsaker klagesaksvedtak etter plan- og bygningslova. Vi vil også publisere avgjerder gjort av andre instansar i saker som har relevans for forståinga av regelverket. 

Ved årsskifte legg vi ut statistikk som syner antall saker vi har handsama, utfall av klagesakene, og sakshandsamingstida vår. 


30.04.2020

Fylkesmannen stadfester reguleringsplan for gondolbane på Åndalsnes

Fylkesmannen i Møre og Romsdal stadfester Rauma kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for gondolbane på Åndalsnes med tilhøyrande reguleringsføresegner.

27.03.2020

Opparbeidingsplikt og refusjonseining

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i vedtak av 6. mars 2020 vurdert forholdet mellom riktig refusjonseining og opparbeidingsplikta etter plan- og bygningslova kap. 18.

10.03.2020

Treårsfristen etter pbl. § 21-9

I ei tolkingssuttale av februar 2020 vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) når 3-årsfristen etter plan- og bygningslova § 21-9 tar til.

10.03.2020

Manglande ulovlegheitsoppfølging etter plan- og bygningslova

Sivilombudsmannen har undersøkt om kommunens avgjerd om ikkje å følgje opp ulovlegheitssaker etter plan- og bygningslova reknast som enkeltvedtak. Også  Fylkesmannens kompetanse ved klager på kommunens avgjerd blei vurdert.  

04.03.2020

Fylkesmannen stadfestar vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde

Fylkesmannen har den 21.02.20 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om detaljreguleringsplan for Melsgjerdet industriområde. Klagen vart ikkje tatt til følgje.

14.02.2020

Statistikk 2019

Fylkesmannen har utarbeidd statistikk over klagesakene som blei handsama i 2019.

03.02.2020

Fylkesmannen stadfestar områdereguleringsplan for Ørsta sentrum

Fylkesmannen har den 28.11.19 stadfesta Ørsta kommune sitt vedtak om områdereguleringsplan for Ørsta sentrum med tilhøyrande føresegner. Ingen av klagene vart teke til følgje.

29.10.2019

Fylkesmannen opphevar reguleringsplan for Motorsportbane i Vatnedalen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal opphevar Haram Kommune sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for Massetak/Parkering/Motorsportbane i Vatnedalen med tilhøyrande reguleringsføresegner og planomtale.

29.10.2019

Tryggleikskrav i byggesaker

Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppheva Sande kommunes byggevedtak grunna manglande tryggleiksavklaringar.

29.10.2019

Avslag på søknad om bustad i strandsona

Fylkesmannen i Møre og Romsdal endra kommunens vedtak, og avslo ein dispensasjonssøknad om oppføring av bustad ved Brunsvikbukta i Kristiansund.

Fleire nyhende