Oppmoding om utvida svarfrist i kommunale plansaker

Fylkesmannen har sendt brev til kommunane i Møre og Romsdal med oppmoding om å utvide høyringsfristen med to–tre veker i samband plansaker utsendt i juni og juli.

Normalt kjem det mange plansaker til høyring inn mot fellesferien, i år vil etterslep etter koronapandemien kunne kome på toppen av dette. 

Fylkesmannen oppmodar difor kommunane om å vurdere utvida høyringsfrist.

Les brevet her.