Pressemelding - tilrådingar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Justisdepartementet har gitt Fylkesmennene i oppdrag å samordne kommunane sine karantenevilkår etter smittevernlova § 4-1. Fylkesmannen gjer dette i samarbeid med, og etter oppmoding frå, kommunane i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen ber alle 26 kommunar i Møre og Romsdal om å fatte likelydande vedtak etter smittevernlova § 4-1 bokstav d, i sju dagar.

Fylkesmannen legg til grunn ei heilskapleg risikovurdering av koronasituasjonen i Møre og Romsdal når vi kjem med denne tilrådinga til kommunane våre.

Fram til 19. mars hadde 18 av 26 kommunar gjort karantenevedtak etter smittevernlova. Kommunane fatta vedtaka for å avgrense smitte inn til Møre og Romsdal slik at mengda smitta personar ikkje oversteig tilgjengeleg kapasitet for helsetenesta. Det er framleis behov for å avgrense smitte til fylket, og intensivere andre førebyggjande tiltak.

Kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak.

Fylkesmannen tilrår at kommunale vedtak i størst mogleg grad vert utforma likelydande. Det er ei forventning om:

  • Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem frå fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland
  • Vedtaket må sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene, vi viser her til DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar
  • Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene
  • Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over
  • Kommunane i vedtaksperioden set i gang/intensiverer andre førebyggande tiltak.

- Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i.  Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste.