Fylkesmannen på besøk hos Kirkens SOS i Ålesund – Imponert over innsatsen!

Til venstre, dagleg leiar for Kirkens SOS i Møre og Romsdal Hilde Lillestøl saman med fylkesmann Rigmor Brøste
Til venstre, dagleg leiar for Kirkens SOS i Møre og Romsdal Hilde Lillestøl saman med fylkesmann Rigmor Brøste

Onsdag kveld var fylkesmann Rigmor Brøste på besøk hos Kirkens SOS i Ålesund som har ein døgnopen kriseteneste på telefon og internett.

Imponert

-Eg er imponert over den innsatsen som alle dei frivillige gjer for å vere tilgjengelege for medmenneske som er i ei livskrise, med eit særleg føremål om å førebygge sjølvmord, seier Rigmor Brøste.    

Dei som søker kontakt med Kirkens SOS får svar av frivillige medarbeidarar som er godt utrusta som samtalepartner gjennom opplæring og rettleiing. I 2019 gjennomførte Kirkens SOS Møre og Romsdal 15249 samtalar på telefon og internett. Dette utgjer 8% av dei 184 125 som vart svart nasjonalt.

Stort behov - treng fleire frivillige

Behovet for ein god samtalepartnar er ofte større enn det Kirkens SOS klarer å møte. Den gjennomsnittlege svarprosenten i Kirkens SOS var i fjor 63%. Det betyr at om lag 1/3 av dei som tok kontakt ikkje fekk svar ved første forsøk. Kirkens SOS har som mål å auke talet på mottekne samtalar.  For å få dette til må vi lukkast i rekruttering av enda fleire frivillige kvart år. 

Vi håper derfor at mange  melder seg som frivillige og blir med på dugnaden for et varmare og meir inkluderande samfunn!

Kirkens SOS - Frivillig engasjement

I Møre og Romsdal har Kirkens SOS 100 frivillige medarbeidarar i Ålesund, Molde og Myrvåg. Dei frivillige representerer eit mangfald med omsyn til alder, utdanning og bakgrunn. Eit fellestrekk er likevel at dei ønsker å bidra. På spørsmål om kva som motiverer dei til å bruke av eiga fritid på vakt i Kirkens SOS, svarar dei frivillige at dei finn oppgåvene meiningsfulle og at dei opplever å kunne gjere ein forskjell. Det kan og gje perspektiv på eige liv å lytte til dei som kontaktar Kirkens SOS.

Å være medmenneskje til den som strevar i og med sine liv

«Jeg hadde ikke klart å si det til noen jeg, dersom jeg måtte bruke stemmen min. Men når jeg kan skrive, og du kan spørre – da går det, litt etter litt» Tilbakemelding frå ein innskrivar på sos-chat. Alle er 100 % anonyme

Chat samtalar

Samtalar via chat har vore eit tilbod i Kirkens SOS sidan 2010, og det er ei stor auke i pågangen til dei skriftlege tenestene. Skriftlege tilbod om chat blir særleg nytta av innskrivarar under 20 år, og behovet for eit slikt lågterskel samtaletilbod på nett er stort.

Eit kjenneteikn ved nettbaserte samtaletenester er at terskelen for å be om hjelp er svært lav. Over 50% av dei som kontaktar Kirkens SOS via sos-chat fortel om sjølvmordstankar, og av desse blir omlag 20% vurdert som akutt sjølvmordstrua. I desse tilfella samarbeider Kirkens SOS med AMK for å kunne yte akutt hjelp.

Også i mange av dei andre samtalene er det høg grad av alvor, og vi møter tema som sjølvskading, depresjon, spiseforstyrringar, einsemd, mobbing, ulike former for overgrep og vanskar med livsmeistring, fortel leiar for Kirkens SOS i Møre og Romsdal Hilde Lillestøl.

Noko av det viktigaste vi kan bidra med er å vere tilstades og å tåle å lytte til det innskrivar fortel. På den måten erfarer vi at vi kan bidra til å motvirke utanforskap og å fremme livsmeistring.