Lodve Solholm løftar fram tre tema i sitt siste år som fylkesmann

Lodve Solholm går inn i sitt siste år som fylkesmann. Dette året er det særleg tre tema han er opptatt av å løfte fram: barnevernsvakt i alle kommunar, kortreist mat og forsøpling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2018

Tysdag 16. januar inviterte fylkesmann Lodve Solholm pressa og media i Møre og Romsdal, samt representantar frå kommunar og frivillige organisasjonar, til ein presselunsj på Smia fiskerestaurant i Kristiansund.

Det var ein god dialog og engasjement rundt dei temaområda som vart presentert og fylkesmannen fekk mange nyttige innspel til det vidare arbeidet.

Meir om fagområda fylkesmann Lodve Solholm ønskjer å løfte fram i 2018:

 

Barnevernsvakt i alle kommunar!

Fylkesmannen ønsker å vere ein aktiv pådrivar til at alle kommunar i Møre og Romsdal har ei formalisert ordning med barnevernsvakt i løpet av 2018.

Fokus på dei mest utsette barn og unge

Fylkesmannen har hatt ei satsing på Barn og unge dei siste åra der vi har vore opptatt av forebyggande arbeid, barns medverknad og at barn og unge si stemme skal kome fram. I tillegg har det vore lagt vekt på at barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø.

Til tross for dette, er det ikkje slik at alle barn og unge har det trygt og godt, og derfor vil vi no prioritere ei gruppe barn som har behov for særleg støtte. Det gjeld barn og unge som kan bli utsett for omsorgssvikt og mishandling. Desse barna og dei vaksne rundt dei skal ha nokon som dei kan kontakte for å få hjelp til ei kvar tid.  

Barnevernsvakta er barneverntenesta si akuttberedskap. Målet er at alle kommunane i fylket har etablert ei formalisert barnevernsvakt i løpet av 2018.

Så langt har 8 kommunar i Møre og Romsdal etablert ei slik vaktordning. 

På bakgrunn av søknader på prosjektskjønnsmidlar frå kommunane vil vi vurdere korleis Fylkesmannen best kan støtte kommunane i å etablere barnevernsvakt i 2018.

 

Lokalmat i verdstoppen

Vel 100 produsentar og serveringsstader produserer og/eller sel lokalmat i fylket. Mål i landbruksmeldinga for Møre og Romsdal: 200 produsentar innan 2021.

Internationale Grüne Woche i Berlin 19.-28.01

Fem aktørar frå Møre og Romsdal skal vise fram produkt frå åtte produsentar, og marknadsføre kva regionen har å by på når det gjeld matopplevingar og reiseliv

Dei som deltek frå Møre og Romsdal i 2017 er:
 
Den lokale maten gir oss stoltheit og identitet – og er ein viktig del av kulturen vår på Nordvestlandet. Lokalmat kan vere med på å skape den unike opplevinga for aktivitets- og opplevingsturistar frå inn- og utland
 
MRmat 14.-15.02
Kursdagar i Kristiansund for matprodusentar og serveringsstader.
 
Kraftkar til topps!
Lokal ost frå Møre og Romsdal kan konkurrere med dei beste ostane i verda. 

Fylkesmannen oppmodar alle om å handle lokalprodusert mat – både til kvardag og fest!

 

Forsøpling - behov for ein kollektiv dugnad!

Omfang og konsekvensar

  • Forsøpling av strendene og havet aukar
  • Dyr i havet døyr fordi dei et eller sitt fast i plastavfall, særleg sjøfugl lid på grunn av marin forsøpling

Avfallet vi ser i strandsona er berre ein liten del av den totale mengda

  • Vi ryddar ikkje opp etter oss 
  • Plastforsøpling i havet er eitt av vår tids største miljøproblem, mykje av avfallet langs kysten vår er fiskerirelatert

Kva kan vi gjere?

  • No er det behov for ein KOLLEKTIV DUGNAD der alle må ta ansvar
  • Vi må rydde opp etter oss, redusere forbruket og tenke meir gjenbruk
  • Vi må lære opp barn og unge
  • Miljøforvaltninga vil ha fokus på avfallshandtering og forsøpling i all oppfølging og kontroll med næringslivet i 2018 

Vrakpant og tilskotsordningar