Villrein

Villreinnemnda

Villreinnemndene har ei sentral rolle i forvaltninga av villreinen, både som myndigheitsutøvar og som høyringsinstans. Villreinnemndene har til oppgåve å godkjenne vald, tellande areal og bestandsplanar, og fastsette årlege fellingskvoter for villrein. Nemnda skal også ta del i arealforvaltninga på fylkes- og kommunenivå, for å sikre bevaring og berekraftig forvaltning av leveområda til villreinen.

Miljødirektoratet oppnemner medlemene i villreinnemnda på bakgrunn av forslag frå  kommunar med villreinareal. Oppnemninga følgjer kommunevalperioden. Oppgåvene til nemnda er gitt i hjorteviltforskrifta.

 

Statsforvaltaren

Det er oppnemnt ein hovudansvarleg statsforvaltar for kvar villreinnemnd. Statsforvaltaren har ei rettleiingsrolle overfor villreinnemndene, og har ansvar for økonomi og reknskap. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er hovudansvarleg for Villreinnemnda for Reinheimen - Breheimen. Skjåk kommune er sekretariat for nemnda.

Statsforvaltaren skal sjå til at villreininteressene vert ivaretatt i arealplansaker, og skal om naudsynt reise motsegn.