Grågås

Jakttid og sanking av egg

Jakttida på grågås i Møre og Romsdal er f.o.m. 10. august t.o.m. 23. desember.

Grunneigar eller brukar kan sanke egg frå grågås t.o.m. 15. april.

Fylkesmannen har myndigheit til å starte jakta på grågås inntil 15 dagar før ordinær jaktstart, og tillate eggsanking ut over 15. april. Tidlegare jaktstart på grågås skal forskriftfestast.

For å kunne opne for eggsanking ut over 15. april og forskriftsfeste tidlegare jaktstart på grågås må det ligge føre lokal forvaltningsplan. Forvaltningsplanen sitt faglege innhald skal godkjennast av Fylkesmannen.

Forvaltningsplan

..

Våpen, ammunisjon og hund

Til jakt på gås er det kun tillate å bruke haglgevær med inntil to skot og rifle.

I utgangspunktet er jakt med våpen lada med bly forbode. Det er gjort unnatak frå blyforbodet for gås som oppheld seg på innmark. Innmark er definert jf. friluftsloven § 1 a «Som innmark eller like med innmark reknes (…) gårdsplass, hustomt, dyrket mark, engslått og kulturbeite samt liknende område hvor almenhetens ferdsel vil være til utilbørlig fortrengsel for eier eller bruker. Udyrkete, mindre grunnstykker som ligger i dyrket mark eller engslått eller er gjerdet inn sammen med slikt område, reknes også like med innmark (…)».

Det er ikkje tillate å bruke laus hund under jakt innafor ordinær bandtvangsperiode f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august (sjå Hundeloven § 6).

Skadefelling

Kommunen kan med heimel i Forskrift om felling av viltarter som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre viltarters reproduksjon (skadefellingsforskrifta) gje løyve til felling av grågås og kanadagås når dei gjer skade på åker, plante- eller frøkultur. Felling av skadegjerande gås skal vere eit unntak frå naturmangfaldlova (tidlegare viltlova) sitt generelle fredingsprinsipp, og frå prinsippet om at viltartane i størst mogeleg utstrekning skal vere freda i yngletida.

Det er nokre vilkår som må vere oppfylte før løyve kan gjevast:

  1. Skade må ha skjedd i inneverande sesong og i eit omfang som er av vesentleg økonomisk betydning, eller som vil få tilsvarande betydning dersom skade held fram
  2. Før felling pliktar den skadelidte å i rimeleg utstrekning å ha gjennomført tiltak for å hindre/avgrense skaden
  3. Uttaket må ikkje truge bestandens overlevelse

Avlivinga skal skje trygt og humant forsvarleg. Om det vert avliva eit mordyr i yngletida, bør avkommet av dyrevelferdsmessige omsyn om mogeleg avlivast.

Kanadagås og stripegås

Både kanadagås og stripegås er introduserte (framande) artar i norsk natur. Medan kanadagåsa vart satt ut i Norge for å auke talet på jaktbare artar, stammar dei fleste stripegjesene i Norge frå rømt parkfugl frå Tyskland.

Begge artane er svartelista.

Forvaltningsrelaterte spørsmål knytt til kanadagås og stripegås skal rettast til fylkeskommunen som ansvarleg mynde.

 

 


Kontaktpersonar

Jakttider

 

Grågås                              10. august – 23. desember

Kanadagås og stripegås      10. august – 23. desember

 

Eggsanking

 

Grågås                              t.o.m. 15. april

Kanadagås og stripegås      t.o.m. 1. juli