Lisensfellinga av jerv er gjenopna

Rovviltnemnda i region 6 har beslutta å tildele to jervar frå reservekvoten til beiteprioriterte område i Møre og Romsdal.

Tildelinga frå reservekvoten kjem etter søknad frå Fjord kommune, etter at kvoten på tre jervar utanfor forvaltningsområdet (sone 2) vart fylt torsdag 30. januar. Tildelinga er grunngjeve med dokumenterte jerveskader på sau i beiteprioriterte område i fylket seint i beitesesongen 2019.

Dette inneberer at lisensfelliga av jerv i desse områda er gjenopna frå fredags kveld 31. januar 2020.

Av den nye kvoten på 2 dyr, er det ein hodyrkvote på 1 dyr.