Lisensfelling av ulv 2019/2020

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2019/2020. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2019 til 31. mai 2020.

Kvoten på tre ulvar gjeld for heile region 6, som er fylka Trøndelag og Møre og Romsdal. Bakgrunnen for vedtaket er kunnskap om ulveskader og -aktivitet frå tidligare år.

Rovviltnemnda sitt vedtak om kvote for lisensfelling av ulv 2019/20 blei påklaga av NOAH-for dyrs rettigheter. Klima- og miljødepartementet stadfesta rovviltnemnda sitt vedtak i brev datert 30. november 2019. 

Krav til jegarar som vil jakte ulv

  • Jegarar som vil delta i lisensfellinga må registrere seg som lisensjegar via Jegerregisteret. Jegar skal bere med seg utskrift av den personlege lisensen under fellingsforsøket.
  • Skyteprøve avlagt i jaktåret 2019/2020 gjeld i deltaking i lisensfellinga av ulv til og med 31. mai 2020.
  • Betalt jegeravgift er kun gyldig for jaktåret, dvs. ut mars månad. Lisensjegarar som skal delta i fellinga av ulv etter 31. mars 2020 må betale jegeravgift for nytt jaktår (2020/2021) før dei kan delta i lisensfellinga.
  • Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigar.
  • Jegarar pliktar å halde seg oppdatert om den til ei kvar til gjenverande kvoten. Informasjon om kvoten får ein ved å ringe Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin kvotetelefon 71 25 85 03 (telefonsvarar).
  • Ved felling  av ulv eller om det vert løyst skot mot ulv skal dette UTAN OPPHALD meldast til Fylkesmannen på telefon 9092 6016 og til næraste politimyndigheit.
  • Felte dyr skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for umiddelbar kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Jegar skal kunne påvise fellingsstad etter anmoding frå Politiet, Statens naturoppsyn eller Fylkesmannen.
  • Viltfondet har eigedomsrett til alt freda rovvilt felt under lisensfelling jf. Viltloven § 48. Viltfondet opprettheld sin eigedomsrett til felt ulv (herunder kraniet), men gir jegar rett til skinnet av ulv felt under lisensfelling. Vi gjer merksam på at omsetting eller vidaresal av delar av felt ulv utanfor landets grenser er omfatta av CITES-regelverket.