Gaupejakta startar 1. februar

Gaupe
Gaupe (Foto: Svein Wik)

Det kan fellast inntil to gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

Dette er klart etter at Klima- og miljødepartementet har handsama klagene på rovviltnemnda sitt vedtak.

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge vedtok i møte 24. oktober 2019 følgjande gaupekvote i Møre og Romsdal:

"Startkvoten fordeles til avgrensete kvotejaktsområder som følger:

Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 2 gauper (hvorav maks 1 voksen hunn)

  • Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 1 gaupe
  • Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 1 gaupe
  • Delområdene slås sammen 1. mars 2020."

I resten av fylket har rovviltnemnda opna for kvotefri jakt.

Vedtaket vart påklaga av Naturvernforbundet og Fosen naturvernforening. I klageavgjerda frå departementet, er totalkvoten redusert frå 30 gauper til 25 gauper, der det kan fellast maksimum 9 vaksne hogauper, samt ei fordeling av reservekvoten i tråd med Miljødirektoratet si tilråding som lyder:

«Deler av samlet kvote kan settes av som reservekvote, men settes til mindre enn 7 gauper med maksimum 3 hunndyr. Reservekvoten kan tildeles dersom oppdaterte bestandstall tilsier at det er hensiktsmessig».

På bakgrunn av vedtaket i departementet har rovviltnemnda i epostmøte den 31.1.2020 fordelt totalkvoten på nytt. Rovviltnemnda sitt vedtak inneberer ingen endringar i tildelt kvote på 2 dyr (maksimalt 1 hogaupe) til kvotejaktsområda i Møre og Romsdal. Rovviltnemnda sitt vedtak om samanslåing av delområda frå 1. mars vert også vidareført.

Kvotejakt på gaupe

Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9, og er omfatta av dei samme reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.

Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegarar om du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for enten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Fylkesmannen.